Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, du får tips om gode verkty for drift av idrettslaget og eit overordna blikk på økonomi. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.
Målgruppe: Styret i klubben og gruppestyra i fleiridrettslag.
Dagleg leia og tilsette dersom klubben har ein administrasjon. Andre tillitsvalte som styret har delegert fullmakter og myndigheit til.
Tentativ tidsbruk:
1900-2000 - Lover og reglar
2000-2030 - Økonomi
2030-2100 - Drift (t.d. fordele roller/oppgåver, gjennomføring av styremøte, tilgjengelege verktøy)
Kurset vil foregå digitalt på Microsoft Teams. Alle påmeldte vil få lenke til det digitale kurset på e-post samme dag som kurset vert halde. Pris: Gratis