Nettverket Balanse inviterer difor deg som er trenar, leiar eller som berre er veldig interessert i idrett til ei føredragsrekke om kVinner i idretten. Denne gongen set vi søkjelyset på seniorutøvaren. Saman med våre dyktige føredragshaldarar tek vi opp tema som graviditet, i kva grad idretten lar seg kombinere med morsrolla og korleis vi kan få fleire kvinner inn i sentrale roller i idretten.
Merk at konferansen også vert strøyma, slik at du kan delta saman med idrettsgjengen din i klubblokalet eller få med deg konferansen heimafrå. Vel det som høver best for deg. Merk at både oppmøte og digital deltaking krev påmelding. Gratis for studentar!