Alle styremedlemane må ha ein brukar på Min Idrett
For at det skal vere mogleg for leiar å legge inn nye styremedlemar i KlubbAdmin, må alle ha laga ein profil på Min Idrett og verifisert seg med personnummer. Har dei ikkje ei profil kan dei opprette den på Min Idrett.
Oppdatere styre og leiing i KlubbAdmin
Det er idrettslaget sitt ansvar å sjå til at opplysningar i idretten sin database er oppdatert. Alle org.ledd i NIF sender ut viktig informasjon om tilskotsordningar osv. til dei kontaktane som ligg registrert på idrettslaget der. Dette må gjerast i KlubbAdmin under fana "Organisasjon".
Sende inn endringar til Brønnøysundregistrene
Leiar av idrettslaget må sende inn endringsmelding til Brønnøysundregistrene. Dette vert gjort i KlubbAdmin under fana «Brønnøysundregistrene».
Ein kan gjere dei same endringane i SportsAdmin, dei ulike systema oppdaterer kvarandre.
Oppdatere info og kontaktar på idrettslaget si nettside
Hugs å endre kontaktinfo dersom lagleiarar, styremedlemar og andre ressurspersonar har blitt bytta ut.
Klubbens styrearbeid i praksis
Dersom det er mange nye styremedlemar, kan det vere nyttig å ta eit 3-4-timars kurs i korleis styrearbeidet skal gjerast. Idrettskretsen kjem til idrettslaget og held kurset. Her ser de meir informasjon om kurset.