Toppidrett og vidaregåande skule

Du kan få tilbod om spissa toppidrett i vidaregåande skule dersom du har ferdigheiter som tilfredsstill krav utarbeida i samarbeid med Olympiatoppen Vest (OLTV).

Sjå meir informasjon på Spissa toppidrett - Vestland fylkeskommune

 

Informasjon om spissa toppidrett på vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune skuleåret 2021/2022

Kontaktinformasjon: 
Olympiatoppen Vest v/ dagleg leiar Pia Mørk Andreassen
Epost: piamork.andreassen@olympiatoppen.no
Tlf: 98459200

Skuleåret 2021 - 22 har ny informasjon, sjå denne linken. 

I område tidlegare Sogn og Fjordane gjeld denne informasjonen for skuleåret 2020 - 2021:

1. Spissa ordning. Alle tre årssteg i desse idrettane:

Fotball ved Sogndal VGS
Volleyball ved Hafstad VGS

Det er inntil fem plassar pr. idrett pr. trinn. Det er ein føresetnad for full deltaking i det spissa idrettstilbodet at du søkjer utdanningsprogramma Idrettsfag eller Studiespesialisering.

2. Potensielle toppidrettsutøvarar
Denne ordninga gjaldt til og med skuleåret 2020-2021 idrettar som ikkje var omfatta av «Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle toppidrettsutøvarar». 

I tillegg landsline skiskyting ved Stryn VGS. 

Toppidrettslinja 2020-2021
 
Tilbodet er resultatet av eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Olympiatoppen Vest-Norge, Tertnes vidaregåande skule, Åsane vidaregande skule og Voss gymnas. Sommaridrettane vil ha tilbodet sitt på Tertnes vidaregåande skule og Åsane vidaregåande skule, og vinteridrettane på Voss gymnas. Tilbodet er retta mot elevar som ønskjer å satse for fullt på idretten sin. Olympiatoppen Vest-Norge har det idrettsfaglege ansvaret, og skal kvalitetssikre trenarar og utøvarar i samarbeid med dei einskilde særkretsane.