Som barneidrettsansvarleg har du tatt på deg ei viktig rolle i idrettslaget. Formelt sett er det styret som, med bakgrunn i krav i lovnorm for idrettslag, skal oppnemne ein ansvarleg for barneidretten i idrettslaget.
Idrettsforbundet har utarbeidd oppgåvene til den barneidrettsansvarlege:
- Sikre gode rutinar for å spre informasjon om idretten sine barnerettar og bestemmingar om barneidrett i alle ledd i idrettslaget
- Oppfordre til at idrettar og grupper samarbeidar, koordinerer og vidareutviklar eit mangfaldig og variert aktivitetstilbod for barna i idrettslaget
- Arbeide for at alle barn blir inkludert i idretten, og at kostnaden ved å drive idrett (som også inkluderer utstyr og reise, ikkje berre treningsavgift) bør vere lavast mogleg
På våre sider finn du ein del hjelpemidlar som du kan bruke i oppgåvene:
- Idretten sine barnerettar og utviklingsplan finn du her
- Idretten sine bestemmingar om barneidrett finn du her
- Her finn du korte filmar om rettar, bestemmingar, allsidigheit med meir
- E-læring om Barneidrettens verdigrunnlag finn du her (krev innlogging med Min idrett)
- Informasjon om Trenarattest
- Kurset Barneidrettstrenaren
- Aktuelle temakveldar om barneidrett
- Norges Idrettsforbund si temaside om Barneidrett
Vestland idrettskrets set årleg opp digitale temakveldar for barneidrettsansvarlege. I kurskalenderen vår legg vi ut datoar for neste temakveld.