Variert og allsidig
I allidrettstilboda finn ein igjen mange ulike idrettar og aktivitetar. Det er nettopp det allsidige og varierte tilbodet som er føremålet med allidretten. Eit døme er i Tambarskjelvar IL, der leiar for idrettsskulen Eigil Instebø, fortel om eit årshjul med heile 11 ulike idrettar for aldersgruppa 7-12 år, både innandørs og utandørs, og tilpassa årstidene. I Tambarskjelvar IL organiserer idrettsskulen tilbodet for aldersgruppa 7-12 år med to vekentlege økter og ei vekentleg økt for dei som er yngre. Årshjulet til Tambarskjelvar IL er lagt til som bilete.
Idretten sine barnerettar og bestemmingar
Allidrettstilbodet skal vere tufta på idretten sine barnerettar og bestemmingar. Dette betyr at idrettslaget skal legge til rette for at barna møter trygge rammer, både med tanke på det fysiske miljøet, men òg trygge vaksne og eit miljø som fremjar vennskap og trivsel og meistring. Trenarattesten er obligatorisk for alle trenarar i norsk idrett, og bygger nettopp på idretten sine barnerettar. Trenarattesten gir eit fint grunnlag for at instruktørane kan vere trygge i rolla si. I tillegg må allidrettsgruppene merke seg informasjon om politiattest.
Søk støtte!
Det er mogleg å søke Norges idrettsforbund om støtte til å starte opp ein allidrett for barn, ungdom eller paragrupper. Det er også mogleg å søke støtte til å utvikle tilbodet. NIF kallar dette for oppstarts- og utviklingsstøtte. Det er visse kriterier som må vere på plass for at ein kan søke støtte:
- Søknaden må ha med eit årshjul som viser plan for aktivitet på 20 veker eller meir
- Allidrett for barn 6 år og eldre skal ha minst tre idrettar/aktivitetar i løpet av eitt år, medan Allidrett for ungdom 13 år og eldre må ha minst to idrettar. Det kan også søkast støtte til eigne paraidrettsgrupper.
- Det er løpande søknadsfrist. Idrettslag kan søke årleg.
- Utfyllande informasjon om kriterier og søknad for allidrett for barn finn du her.
- Utfyllande informasjon om kriterier og søknad for allidrett for ungdom finn du her.
Idrettskretsen si rolle
Idrettskretsane har ansvar for å følge opp NIF si ordning med godkjente allidrettsgrupper og idrettslag som har tilbod eller ynskjer å starte opp tilbod. Bodil Ryste er kontaktperson i Vestland idrettskrets.
- I idrettskretsen opparbeider vi oss eit erfaringsgrunnlag frå mange idrettslag si organisering av allidrettstilbodet, og kan rådgi andre om korleis ein kan starte opp eller utvikle tilbodet. Vi får til dømes spørsmål om kva som må til for å fylle kriteria for å få støtte, når søknadsfrist for støtteordninga er, korleis det er lurt å marknadsføre, kva typar aktivitetar ein kan ha med i tilbodet - og så etterspør vi gjerne aktive allidrettsgrupper om korleis dei lukkast med tilbodet sitt.