Treningssamlinga blir arrangert i samband med Idrettens Møteplass.
Dato: 27. oktober 2024
Stad: Førdehuset, Sunnfjord kommune
Påmelding:
Via iSonen her. Utvida frist 25.10.24.
Målgruppe:
Ungdom 12 - 16 år (f. 2012 - 2008) år som er med i ein eller fleire idrettar, som har lyst til å delta på ein dag med trening av til dømes koordinasjon, styrke, spenst og uthald. Målet er at ein møter og blir kjent med andre ungdommar som driv med andre idrettar, samt å prøve ut og lære trening/øvingar som er nyttige uansett kva idrett du driv med. Målet er òg at deltakar får ein kjekk, sosial og inspirerande idrettsdag.
Det er sjølvsagt høve til å ha med føresette, eller om det er trenarar som ønsker å observere øktene.
Gruppeinndeling etter alder. Trenarar: Eivind Øygard og Roger Pollen
Programmet vil følge desse rammene:
- 10.00 Oppmøte klar til økt
- 10.00 Treningsøkt 1. Første del med Skadefri.
- 12.00 Felles lunsj
- 12.45 Foredrag med Halvard Grendstad frå NIH. Trening i ungdomstida!
- 13.30 Treningsøkt 2
- 15.30 Avslutning.
Praktiske opplysningar:
- Det er to lengre økter med ein pause mellom, så ta med skiftekle/tørre kle etter behov. Det er høve til å bruke dusj og garderober i idrettshallen.
- Alle får gratis varm lunsj, samt smoothie på slutten av dagen. Ta evt med ekstra matpakke og drikke etter behov. Du opplyser i påmeldingsskjemaet om du har allergiar som vi må ta omsyn til.
- Det vert ikkje opna for at yngre utøvarar kan delta