Molde kameratenes bokseklubb - parkinson.PNG

MRIK sin idrettspris 2019

Kjenner du ein person eller organisasjon som gjer ein flott jobb for idretten i Møre og Romsdal? Du kan no nominere ein trenar, tillitsvald eller organisasjon til Møre og Romsdal idrettskrets sin idrettspris 2019.

Møre og Romsdal idrettskrets ønsker nomniasjonar til sin idrettspris. Fristen for nominering er 15.09.19.

Prisen har følgjande retningslinjer/statuttar:

  1. Namnet på prisen er Møre og Romsdal idrettskrets sin idrettspris.
  2. Formålet med prisen er å fremje den frivillige innsatsen i idretten i fylket og inspirere til slikt arbeid.
  3. Prisen kan gå til ein trenar, tillitsvald eller organisasjon knytt opp mot idretten som har gjort særskild frivillig innsats for idretten i fylket, enten på lokal- og/eller fylkesplan. Den som får tildelt prisen skal vere eit godt forbilde for andre frivillige innan idretten. 
  4. Møre og Romsdal idrettskrets gjer prisen kjent, set frist for innsending av kandidatar og vedtek om prisen skal delast ut. Prisen skal bli gjort kjent i alle organisasjonsledd i idretten i Møre og Romsdal, og gjennom media.
  5. Ein offentleggjer berre namnet på den som får tildelt prisen.
  6. Prisen vert delt ut saman med talentprisen til Møre og Romsdal fylkeskommune, arena for tildeling skal avklarast i samarbeid med fylkeskommunen.

 Vinnaren av prisen får utdelt diplom og gåvesjekk på 5000 kr

Nominer din kandidat her.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Siri Ask Fredriksen på telefon +47 419 00 996 eller e-post: Siri.Ask@idrettsforbundet.no.